Hipp Hipp Hurra!
Gratulerer med dagen alle mann!

Eg er tidlegast oppe i huset i dag, (wow) so no er eg nydusja og ferdigsminka, og ventar eigentleg berre på at resten skal stå opp før eg hiv på meg bunaden. Ikkje noko champagnefrukost her i familien nei.
Vakna av russen (les:lastebilen som tuta i eitt køyr) i natt, men salutten sov eg rett igjennom. Eg som alltid vaknar av salutten...må ha sove godt.
Har tvinga Pappa til å bli med meg ut i dag, han har aldri vore nokon 17. mai entusiast, men sidan eg ikkje har andre å gå med so må han. Eg skal ut å gå i bunad! Akkurat no har eg bittelitt angst sidan eg fann ut i går, etter butikkane stengte, at eg har gløymt svart strømpebuksa. Kryssar fingrane for at Nina har ekstra, men sidan ho pleidde å låna av meg da eg budde heime so er eg særs usikker.
Vel, eg lyt vel tilbake til førebuingane i staden for å somla vekk tida slik eg pleier. Hår skal ordnast, føter skal teipast og negler lakkast...om eg får tid. So hadde frukost komme godt med.
Seinare blir det middag hjå Mommo og sjølvsagt ishockeykamp, heia Noreg!


Forresten

Fredag vaska eg heile leilegheiten i superwoman-hastigheit, vel vitande om at Pappa og Nina var på veg! Ti minutt før dei banka på glaset hadde eg hamra opp dei siste avhoppartala på veggklokka som siste finpuss. Perfekt timing. Nina hadde lærekøyrt nesten heile vegen og parkerte utanfor. Eg hadde aldri tort å prøva meg på bykøyring ein av dei fyrste gongene eg lærekøyrte. Tøffa!
Moussakaen stod klar til å bli sett i omnen, og straks vart det etterlengta fredagsfamiliekos i sofaen i Trondheim.
Laurdag prøvde eg å visa fram fine Trondheim, men fekk lite hjelp frå vêrgudane. Sur vind førte til ei sur lite entusiastisk vetlesyster som ikkje heilt såg poenget i å sjå noko som helst. So det vart berre ein kjapp runde og ein tur innom Dromedar for å få varmen i oss, so heiv me oss i bilen, retning ÅRDAL!
So no har eg vore heime nokre dagar. Godt, sånn utanom at eg må øva til eksamen, menmen eg byrjar å bli flink til å øva. Gi meg eit par dagar so er eg like strukturert som eg var tilbake i mine glansdagar! (ungdomsskulen)
Red shorts


Åjadda! Sol i dag òg. (Torsdag)
Shortsentusiasten i meg jublar! Angrar ikkje eit sekund på at eg manna meg opp til å gå ut. (Eg er livredd for å frysa...) Det var herleg, og eg har offisielt sommarkjensla. Fekk eit par blikk frå allvêrsjakkene og skjerfa eg møtte på vegen, og følte eg låg ei årstid framfor dei.
Eg kjøpte ein pakke med Sandwich-is som eg opna med ein gong eg var ute av butikken. So set eg tennene i isen akkurat i dét ein friskus joggar forbi meg. Kjem da på at eg skulle starta eit nytt og sunnare liv for ei stund sidan. Bestemmer meg for at is er lov, og at eg skal byrja å jogga att...snart. (No har eg ete halve is-øskja...)
Alt i alt: Ein fin sommardag i Barteby!
Solsiden




Eg kosta støv av 50mm-objektivet i dag og hadde det med da eg posta følgjeskjemaet mitt (flink). Alt for å vera flink bloggar og krydra sida mi med litt meir utanfor husets fire vegger-bilete. Sidan det var strålande sol gjekk eg ned på Solsiden der det var yrande liv i solsteiken.
Eg tok fram kameraet og knipsa.
"Mangler kort i kamera." Sa Killmaster Canon til meg, yay.. Flinke Lise-Mette har sjølvsagt gløymt at minnekortet i macen heime. Heldigvis var humøret mitt sopass godt at eg ikkje gjorde anna enn å le litt for meg sjølv og rusla vidare. Kva kan eg gjera? Det er jo berre sånn eg er, vims.
Kjøpte nesten årets fyrste softis, men eg ville ha bilde av han so eg venta. (Trur "ta bilete til bloggen" byrjar å gå til hovudet på meg.) Har ikkje ete softis på fleire år! Med mindre Mc Flurry tel som softis, da har eg ete...eit par.
So da vart det bilete av meg sjølv i staden. I sommarklede! Ah, I love it! Den norske sommaren er altfor, altfor kort og eg veit å nytta alle shortsdagar eg får.
Håpar på finvêr i morgon òg, ser halvbra ut på vêrmeldingen iallfall.
Hei
På tide eg stakk innom bloggen att? Ja, eg veit, eg veit. Det er berre so mykje eg burde ha gjort for tida, og da går det som det som regel går: Eg får ikkje gjort noko. Men no trur eg at eg er tilbake på rett kurs. Eg har i det minste fått fiksa følgjeskjemaet mitt i dag, alt minus å senda det. So det får bli grunnen til å stå tidleg opp i morgon. Innsendingsfristen er 10. mai, og som vanleg fiksar eg alt i god tid...
Når det er gjort har eg berre realfaga mine å bry meg om. Vurderer å reisa heim i helga, for eg treng jo ikkje vera i Trondheim før i slutten av mai. Det var Pappa som fekk meg på tanken. Han har fått seg Skype, og sist sa han at han godt kunne henta meg viss eg ville heim. No har Sognefjellet opna og da er Årdal berre ein sekstimars biltur herfra. Eg sa nei fyrst, men det er jo ikkje stort å finna på her, anna enn å lesa. Og sidan ingen andre enn sjølvdisiplinen min passar på at eg faktisk gjer det, tenkjer eg at det kanskje kan vera litt lurt å reisa heim til strenge Pappa for ei stund. Dessutan saknar eg dei heime bittelitt òg. Smil!
Blogg.no er nede
Testar om eg får til å posta noko på bloggen min ved hjelp av bloggeappen.
Veit ikkje om det er eit vedvarande problem, men kvar kveld eg har vore klar til å blogga so har eg enten ikkje komme inn, eller so har serveren tryna medan eg skriv slik at når eg postar so skjer det ingenting.
Eg byrjar uansett å bli grueleg lei!
Eg posta innlegget på wordpressbloggen. Ikkje hjelp i å prøva å holda liv i lesartala her når eg ikkje kjem inn dei gongene eg faktisk har ting å skriva om..
www.lisemette.wordpress.com
(Ikkje le av designet og resten av innlegga der inne, (eller jo, berre le) det er nesten tre år gamalt)
Appelsiin
Det var eit stykk oransj Lise-Mette som vakna i dag tidleg. Sidan eg ikkje orka å lempa den late kroppen min bort til solariet, henta eg fram sjølvbruningen. Rett før eg slutta med sjølvbruning, etter det fatale bli brun og fin til julebordet forsøket, kjøpte eg inn den mykje omtala xen-tan. Tre gonger dyrare enn den eg brukte før, so da må jo han òg vera tre gonger so bra.
Eg katastrofe allereie da eg smurte meg inn. Flekkete og sånn passe oransj ga eg opp å få det jamnt, og la meg. Da eg vakna hadde sjølvsagt lakenet fått eit hint av oransj òg, (Noko den billege sjølvbrunaren ikkje gjorde.) og dagslyset avslørte flekkar på føtene som eg trudde eg hadde fått so bra til.
Eg hoppa i dusjen og håpte at det endelege utfallet ikkje skulle vera so gale likevel.
Jessda, eg kom ut av dusjen like bleik som eg var før eg starta prosjektet mitt. Eg klarar iallfall ikkje sjå forskjell. På tuba vart eg lova djup og varig brunfarge. Den einaste fargen eg fekk var dei obligatoriske knall oransje, nærast glitrande sjølvbruningshendene. Holdt nesten på å droppa butikken...dei lyser jo opp, men so måtte eg panta flasker.
Eg gir ikkje opp so lett, so eg har tenkt å prøva ein gong til. Denne gongen med hanskar. For eg hadde jo eit veldig bleikt utgongspunkt. So prøver eg å ikkje tenkja på at forrige gong eg berre skulle prøva ein gong til og enda opp med eit flekkehelvete utan like!

Overvaka?
I går skulle ein nesten tru at nokon følgjer litt ekstra med på kva eg driv med iallfall.
Eg tenkte at eg endeleg skulle somla meg til å velja straumleverandør. Surfa litt rundt på nettet og byrja å fylla ut eit sånt skjema. Eg mangla berre lesa av straummålaren for å bestilla. Medan eg er ute på gangen for å lesa av ringjer telefonen, og kva anna enn Trønder Energi er det som ringjer og vil tilby meg straum til ei krona mindre enn den avtalen eg såg på. Eg måtte jo berre slå til. Eg hadde jo målaravlesningen i handa og alt. Litt irritert på at dei ikkje har ringt før da. Kanskje eg hadde fått ut fingeren i staden for å betala ekstra desse månadane.
Cool story bro, you should tell that at parties...
Jada, men det var ganske spesielt da. Eg fekk iallfall latterkrampe.
Eg har blitt litt keisam igjen. I går hadde me dugnad i hagen, og eg raka løv... Og sånn bortsett frå det so må eg ha lange samtalar med meg sjølv for å komma meg ut av huset. Eg veit ikkje om det er eit snev av sosial angst eller berre rein latskap. Hadde tenkt meg bort å ta litt sol, og det har eg tenkt i ei veka no, men framleis har eg ikkje orka. Tykte eg var flink som var ute 1. mai eg, følte meg litt teit der eg sto spint aleina og klappa til all høgresidekritiske utspel.
So pleier kjøleskåpet å gå tomt sånn innimellom. Eg måtte eta pasta og ketsjup til middag her ein dag. Vart kjempemett. Ok, no byrjar dette å bli sjukt random, so eg trur eg berre seier god natt.
>>Bilete av noko kult<<
1. MAI!
Huhei (De anar ikkje kor mykje eg har slite med å få ut denne vakre biletkollasjen! Blogg.no er ustabilt for tida.)
Her ser de iallfall min 1. mai i Trondheim, kort oppsummert. Eg rakk ikkje starten av toget for da sat eg og strauk kleda eg skulle ha på (Bileta er teke etter eg kom heim og hadde tilbrakt ein time under teppet for å få varmen i meg, derav: rukkete klede.)
Da eg gjekk over bybrua såg eg halen på toget, og der gjekk tydelegvis dei mest...sære. Plusspoeng for eigen musikk frå heimesnekra trommetralle. So småsprang eg attmed toget for å finna paroler eg var einig i. Eg kom ikkje lenger enn "Norge ut av Nato" og "Boikott Israel" før toget var framme på torget. Betre lykke neste år.
So høyrte eg på talane, og følte meg sånn passe overdressed. Det er visst ikkje vanleg å pynta seg noko særleg til 1. mai her i byen. Hugsar da eg var liten og alltid fekk nye fine klede til mai, eit antrekk til 1. og eitt til 17. (Ok, eg ser kanskje ikkje stivpynta ut, men til meg å vera er det veldig pynta.)
Etter talane kjøpte eg meg ei lakrisstong og rusla heim til tonane frå Internasjonalen i finvêret.
Prestasjonsangst
Det går litt sånn opp og ned kor sjølvkritisk eg er. Til alt eigentleg. Det er ganske upraktisk å vera for sjølvkritisk. Eg brukte sikkert ein halvtime på å kle meg i dag, alt såg dumt ut. Til slutt bestemte eg meg for å ikkje bry meg, sidan eg ikkje skulle utanfor døra uansett.
Ikkje minst so brukar eg evigheitar på å blogga, og i går kom eg til og med ikkje på noko som var "godt nok" / "morosamt nok" til å skriva om. Eg kjem ikkje på noko i dag heller...difor skriv eg dette.
Eg har ikkje akkurat funne på so mykje spanande desse dagane, anna enn å vaska leilegheiten (Hadde gløymt kor fantastisk det er å ha det ryddig og reint rundt seg!) og komme ajour i Vampire Diaries og Grey's Anatomy. Med andre ord er alt tilbake til normalt, og det har blitt vår! Eg kom i skade for å gløyma å leggja meg her ein dag og fann ut at det byrjar å lysna i firetida! Herleg. Eg er vel ikkje den einaste som ser fram til lange lyse sommarnetter? Sommaren 2012 har berre til å bli bra, 10 og 11 var crap, so karma skuldar meg big time.
For litt over ei veka sidan fekk eg vita at eg ikkje får sommarjobb på NorSun. Det stressar meg veldig. Min minst favoritting med å vera vaksen er å måtta tenka på økonomi...og å vera fornuftig og sånn. Slik sett har ikkje sommaren starta særleg bra. Velvel, det ordnar seg nok. (Nei, eg trur ikkje det, men det er sånn som folk flest seier. Eg er evig pessimist og trur at eg aldri kjem til å få meg jobb og endar opp med å måtta selga leilegheiten, flytta heim og leva på trygd resten av livet... Noko lignande iallfall.)


Fashion against aids
Lise-Mette leikar moteblogg!
Neida, men når Monki opnar i Trondheim, fashion against aids kjem i butikk, og Pappa boostar kontoen min med *kremt* pengar til mat, på same dag. Og den dagen attpåtil er fyrste fridagen etter ein lang og grusam eksamensperiode. Da shoppar eg! Med godt samvit. Litt iallfall. Eg har ikkje kjøpt klede sidan før påske, og det er jo over ein månad sidan...nesten. Dessutan har eg ikkje vårklede.
Strengt teke har eg framleis ikkje vårklede sidan eg berre enda opp med sommartoppar. Dei praktisk talt ropte til meg "Ta oss med på festival Lise-Mette!" So derfor måtte eg berre ha dei.
I dag skulle eg eigentleg shina opp att leilegheiten sidan eg gav støvkluten ferie medan eg las til eksamen. No rullar det støv og hårballar rundt her. Utruleg masse hår overalt, skjønar ikkje at eg framleis har hår på hovudet.
Vel, som bileta antyder, so vart ikkje vaskebøtta henta fram i dag. Eg brukte dagen på meg sjølv. Det vil seia mange timar på badet med høg musikk før eg hoppa rundt i shorts og lot som om det var varmt nok til det. So tok eg bilete av meg sjølv, og hadde resultatet vore proporsjonalt med innsatsen skulle det ha sett mykje betre ut. But we all gotta start somewhere.
No sit eg berre å lurer på om eg skal bruka ei formue på solarium eller prøva meg på sjølvbruning, med fare for å bli oransj, fram til det store gratissolariumet på himmelen blir tilgjengeleg. Bleikfis.

Skal eg skriva kor ting er fra òg? 1&2: hm 3: shorts og topp frå bikbok 5: monki
Eg gjer dette fordi at å skriva om klede virkar som den einaste vegen å komma seg opp og fram i bloggeverda. Neida, joda. Det kjem ikkje til å skje igjen, lovar.
I've missed you guys
Eg er ute av eksamensbobla mi. Ferdig med muntleg! Damn it feels good.
Både religions- og historiekarakteren vart løfta eit par hakk. So det gjekk vel bra, sjølv om det kunne ha gått betre. Men da skulle eg kanskje ha jobba litt meir med det enn å susa igjennom bøkene på ni dagar. (Eg rakk berre halve historieboka, og kom sjølvsagt opp i noko eg ikkje hadde lese på.) I går hadde eg den siste og mest frykta eksamenen; fysikk muntleg. Det var like før eg lot vera å møta opp, men so tenkte eg at det kanskje var litt dumt å vera so redd for å stryka at eg heller ville stryka med vilje. Derfor pinte eg meg gjennom ein klein eksaminering og endte opp med ståkarakter! ..Ikkje meir, ikkje mindre.
Sjeleglad for å vera ferdig. Muntleg eksamen er verkeleg ikkje noko for sånne som meg. Etter alle eksamenane fekk eg høyra det same: At eg ikkje måtte vera so sjenert og redd for å snakka. Som om eg nokon gong skal klara å gjera noko med det. Heldigvis hadde eg superhyggjelege sensorar, og det var langt frå so skummelt som eg trudde. Eg var nesten litt dreven da det kom til den siste eksamenen, men da var det kunnskapen det skorta på.
Samma det, eg er ferdig!
No blir det full fokus på skriftleg framover, men før det skal eg unna meg ein pause.

Eksamenstid=unntakstilstandar

Joggebuksa og Jeffrey Campbell... Eg sakna dei, og tenkte eg skulle øva litt på å gå i dei. For gale at dei berre støvar ned i skapet.


Og sjølvsagt kom vårvêret da eg sat med nasen i bøkene. No er det tilbake til alle typar vêr på éin dag igjen.
BRB
Lise-Mette les til sine tre eksamenar 24/7. Ho er ikkje venta tilbake før torsdag 26. april, viss ho ikkje har lese seg i hel til dess.

Full fest lesehest

Tenkte eg skulle gi eit lite livsteikn frå meg før eg stuper ned i bøkene. Den neste veka blir nok berre beståande av hardcore eksamenslesing, so kor mykje eg får oppdatert er eg usikker på. Det kjem nok ikkje til å skje mykje spanande uansett.
Det er berre det at eg hatar å sjå at lesartala går nedover, men sidan berre stabil og god blogging (som tar tiid) kan halda dei oppe, må eg vel berre tola det.
Eg kan informera at det no er sol og flott vêr i Trondheim, akkurat som venta sidan eg berre kan sitta inne og pugga.
45 sider religion og 56 sider historie, kvar dag, må til for at eg skal komma gjennom alt før eksamenane. Null stress joggedress. Pluss fysikken da. Læraren sa at ingen kom til å stryka med mindre dei gjekk inn for det. Eg er av typen som hatar fysikk so mykje at eg nesten kunne ha gått inn for det. Neida, har planar om å seia rørslemengd mange gonger og forklara at det er det same som bevegelsesenergi på bokmål. Sensor kan ikkje stryka meg da, eg veit jo masse!
I går skvatt eg skikkeleg da nokon skaut opp rakettar borti...ehm, der. Når du høyrer høge smell halv ti ein fredag den trettande tenkjer du ikkje rakettar, men KRIG!
Veit ikkje anledningen til fyrverkeriet, men eg sprang iallfall ut på altanen for å knipsa. Må jo nytta kvart høve til å trena på rakettbilete! Det byrjar å gå opp for meg at når den bjørka utanfor får blad so mistar eg halve utsikta mi...



Lonerheim

Eg er tilbake i Trondheim no. Det var ein ganske grei solnedgang å komma heim til òg. Gjorde opp for at det berre låg rekningar i postkassa og venta på meg. Litt iallfall.
Eg har sjekka eksamensdatoane mine. Om under to veker startar det, 23., 24. og 25. april. Yay. (Skyt meg no.) Trudde eg hadde iallfall ein månad, men kanskje det er like greitt å få det overstått. Eg tykkjer det er dårleg gjort å ikkje gi meg ein einaste dag pause mellom dei muntlege eksamenane. No må eg lesa like mykje på alt, på likt. Eg som berre klarar å ha ein tanke i hovudet om gongen, knapt nok det!
So må eg søka på skule, so fort som mogleg. Og nei, eg veit enno ikkje kva eg vil bli når eg blir stor. (Skyt meg igjen.)






