Bursdagssyster


På mine bursdagar har ho det med å "hacka" seg inn på bloggen min for å leggja att helsingar. Ho kan passordet mitt, men sidan eg aldri har fått vita eit einaste eitt av hennar passord blir dette det beste eg får til.
Ein hyllest til verdens beste vetlesyster! Me har ikkje krangla ein einaste gong...etter eg flytta ut. At du plutseleg er gamal nok til å komma inn på pubben tykkjer eg er veldig, veldig rart. So no kan me altso reisa på Sorgloftet saman, og klaga på kor dårleg utelivet i Årdal kan vera, sånn som alle som er ute i Årdal gjer.
Eit lite tips frå ei som vart atten for...fire år sidan: Ikkje soml med å ta lappen, det er fantastisk å kunne køyra bil til butikken kvar gong du er godtesjuk!
Eg hadde ikkje so veldig mange ordentlege bilete av oss, sidan du omtrent aldri gidd å vera med på "fotoskyting".
Anyways: gledar meg til å komma heim til deg og stjela ein klem når du minst ventar det! (Nina klemmer aldri, ikkje meg iallfall.) Du skal få oreokaka og bursdagspresang, og me skal igjen sitja med trynet i kvar vår mac saman.
Fred og kjærleik.
Frå verdas beste storesyster (sjølutnemnt)
Lise-Mette
Eg rakk det!!
Siste liten, eg liksom

nina // hysteri.blogg.no
13.feb.2012 kl.20:11
ps: yeah, that's right; i never hug.